Milliardvis av muligheter…                                                  Arne Trageton  2001-04-22

Tekstskaping på datamaskin

Avisproduksjon i 2. klasse

 

Dette er artikkel nr. 3 om tekstskapingsprosjektet mitt (sjå Norsklæraren nr 5/2000, nr 2/2001). I prosjektet fylgjer eg 13 klassar i Norge, Danmark, Finland og Estland. Klassane er utstyrt med 2-10 utrangerte datamaskiner med berre tekstprogram. Borna vert fylgd i tre år. Når eg skriv artikkelen, er dei i slutten av 2. klasse. Formell opplæring i handskriving er utsett til 3. klasse. I 1. klasse vart borna kjend med bokstavar i eigen takt, og dei fleste skreiv seg til lesing på datamaskinen. I 2. klasse eksploderte skrivegleda, og her fylgjer eitt lite glimt frå avisproduksjon i januar i ein 2. klasse.

 

I L97 under  ”Lese og skrive” for 1.-4. klasse står fylgjande:

…Dei skal lære å skrive, erfare at dei sjølv har bruk for skriftspråket i samhandling med andre, og tileigne seg eit variert og funksjonelt skriftspråk. Dei skal bli fortrulege med å bruke informasjonsteknologi...  (L97: 116)

For 2. klasse spesielt står:

-skape tekstar i sjangrar som brev, ulike sakprosatekstar, dikt og forteljingar, ved hjelp av vaksen nedskrivar eller ein annan skrivefør person, eventuelt skrive sjølv.

Lage ”bøker”, veggaviser og plakatar

-leike på datamaskin, skrive og teikne

 

Borna i tekstskapingsprosjektet tykkjer nok dette er altfor små og umoderne krav. Ved å skrive på data treng dei ingen vaksen nedskrivar, og leiken på datamaskinen vert meir og meir målmedveten skaping av interessante tekstar i funksjonell samanhang. Det å ha reelle mottakarar for bodskapen er svært viktig og verkar uhyre stimulerande på tekstproduksjonen. Sidan bokstavane er dei same som i all lesen tekst, kan fleire mottakarar lettare forstå kva borna uttrykkjer. Dei vert ikkje hefta bort av meiningslause, tekniske formaløvingar i handskriving, lausrive frå funksjonell samanhang. Ordet ”bøker” står i hermeteikn i L97, men med datamaskinen som skrivereiskap får dei barneproduserte bøkene profesjonell skrift og layout. Den gamalmodige ”veggavisa” med kronglete handskrivne bokstavar vert i staden  ei skikkeleg avis der innhaldet er det viktigaste for journalistane. Dei 7-årige layoutfolka kan etterpå raskt endre bokstavtype og storleik for å gje ei formmessig meir attraktiv avis som trekkjer til seg fleire lesarar enn standardopplaget på 25 (seld til foreldra). L97 sine krav til funksjonell skriving via veggavis på småskolesteget verkar litt gamaldags. Fyrst for 6. klasse står fylgjande hovudmoment:

 

-lese aviser og sjå på stoffutval. Skrive ut og redigere eit intervju. Lage ei avis som blir publisert på skulen eller i lokalmiljøet, arbeide med overskrifter, bilete og sideutlegging, til dømes med tekstbehandling. Eksperimentere med å kombinere tekst og bilete og med å integrere tekst og teikning ved hjelp av elektroniske hjelpemiddel (L97:123)

 

Alle har vi vel sett hjelpelause døme på handskrivne ”aviser” laga i 6. klasse med kolorerte overskrifter i alle regnbogens fargar, utan sans for val av skrifttype og einsarta bokstavar i heile overskrifta. Freistnad på skjønnskrift for hand på små oppsett ofte kopiert frå fagbøker på biblioteket, og nokre dårleg fargelagte teikningar litt på snei her og der utan fast layout. Klasseavis, kalla ein det. Avisa kom ut i eit opplag på 1, og vart berre sett av andre på eitt foreldremøte. Foreldra var velviljuge, og torde ikkje kritisere det primitive produktet. I 6. klasse skal ein no heldigvis publisere avisene sine. ”Avis i skolen” er eit prisverdig tiltak for å få betre kvalitet på avisarbeidet, som ikkje minst poengterar at avisene må trykkast for eit offentleg publikum dersom arbeidet skal ha nokon meining. Men ”Avis i skolen” har også hovudsakleg satsa på mellomsteg og ungdomsalder.

 

Småskoleborn er storkonsumentar av mediebodskap. Men ytterst sjeldan får dei lov til å vere produsentar i den offentlege debatten. Kvifor la 2. klassingane vente til 6. klasse med å publisere sine meiningsytringar? Med ”Tekstskaping på datamaskin” er situasjonen radikalt endra. Sidan maskinskriving er teknisk enklare, vert AVIS ei naturleg, lærerik og utfordrande oppgåve for 2. klassingar innan eitt av dei 4-8 hovudtema klassen vanlegvis har gjennom eitt år (Trageton 2000 kap.3-5). Her er VG og Dagbladet fine førebilete – formmessig. Tabloidavisene har kjempestore bilete og overskrifter på to-tre ord. Dei korte ingressane samarbeider med biletbodskapen. Tabloidavisene er lettlest og når difor eit breitt publikum.  2. klassingane kommuniserar også best gjennom kombinasjon av bilete og verbal tekstskaping. Når det gjeld innhald derimot, er barnetekstane mykje meir varierte enn framsidene til VG/Dagbladet,  som ofte dominert av dei korte orda: VALD, MORD, SEX.

 

Det er merkeleg kor einspora alle massemedia er. Alle må ha den same saka samtidig. Hugsar du ”drittsekkTV” debatten? Det verka som dette var einaste nyhende i Norge i januar 2001. Alle massemedia fortalde om ”Big Brother” og diskuterte om det var skadeleg eller bra fjernsyn, og om ”Big Brother” høvde i beste BarneTV tid eller ikkje. Også 10-12 åringar vart intervjua om ”Big Brother” i riksavisene. Aldri har vel eit program fått slik gratisreklame! Men 6-9 åringane som rektor Omar Mekki var bekymra for, kom ikkje til orde! Det får då vere grenser for ytringsfridomen! I denne perioden arbeidde 2. klasse på Skranevatnet med AVIS. Redaksjonskomite vart nedsett, demokratisk fordeling av arbeidsoppgåver i grupper på 3-4 journalistar. Ingen vaksensensurering av ytringsfridomen. Kva meiner de bør stå i avisa vår?  Jau, noko om ”drittsekkTV” måtte vi jo ha. Vakne 7-åringar har jo fylgd med i debatten! Men måneformørking og at eg lærte meg breakdans var også viktig. Dessutan hadde vi laga mykje spanande på skolen som vi også kunne skrive om. Etter to dagars intenst arbeid med teikningar og datatekstar var fyrste utkast ferdig. Borna hadde klipt og klistra alle delane saman til dei fekk ei høveleg avis på 5 sider i tabloidformat. Men dette var berre 1. utkast i prosessorientert skriving. Kva med form, biletstorleik, plassering, bokstavstorleik, samling av stoff  som høyrde betre saman? Her kjem den store føremon med datamaskinen til sin rett. Tekstane var i og for seg OK, men bokstavtype og storleik var ikkje vurdert. Dette var lett å fiksa for teknologisk kyndige sjuåringar som oppdaga kor mange ulike formsystem det kunne bli på bokstavane! Stoffet som var litt hulter til bulter vart no ordna meir systematisk på 5 ulike sider. Framsida hadde i 1. utkast to hovudoppslag:

 

 Fig. 1. Avisframside. 1. utkast

 

Men det mangla bilete til den fyrste hovudoppslaget. Korleis skulle det utformast? Skulle vi bruke oppatt eit av bileta som kom att på side 2? Eller måtte vi teikne eit nytt? Korleis plassere dei to hovudoppslaga? Kva for eitt skal ha størst plass? Layouten var ikkje heilt god. Bokstavtype? Skal vi bruke Times som her, eller Ariel som VG brukar mykje? Kva skal framhevast? Feit skrift eller normal? Med datamaskinen får borna tumle seg med alle desse profesjonelle problema, utan å måtte skrive om att tekstane.

 

På side 2 kunne vi lese meir om det eine hovudoppslaget, om ”Cæsar” og valdsfilmar (”Big Brother” hadde enno ikkje byrja). Her fylgjer ein av meiningsytringane:

 

 

 

Fig.2 Eitt av innslaga om  Cæsar og valdsprogram

 

Kommentar: Dette er berre ei av fem ulike meiningsytringar om Cæsar og/eller valdsfilmar. Legg merke til det mørke huset, som syner at det er seint på kvelden. Det blåskimrande lyset i vindauga fortel at dei vaksne ser på Cæsar og valdsfilmar medan borna søv trygt og fredeleg i sengene sine. Men kritikken frå dei andre peika på at det berre var dei to journalistane som sto bak meiningsytringa, ikkje heile klassen!

Mange seier at borna sine ytringar er sterkt påverka av det foreldra ynskjer at dei skal seia i bilete og ord. Det kan godt hende det, men er det ein verre påverknad enn den sterke påverknaden frå massemedia som får dei intervjua 11-14 åringar til å  meine at Cæsar og ”Big Brother” er tøffe program og foreldra treige, dersom borna ikkje får sjå?

 

Men 7-åringane hadde større variasjon i stoffutvalet enn VG.  Sportssida var ikkje einsidig dominert av profesjonell fotball og pengetransaksjonar slik som dei vaksne riksavisene. Her var det oppslag om skiflyging, breakdans, eit forarga innlegg om tidspunkt for fotballsending som tok meir omsyn til vaksne enn barn, m.m. Her kjem eit innlegg:

 

Fig 3. Eitt av fire oppslag på sportssida

 

Side 4 synte kva borna hadde laga på skolen: Ein datamaskin, TV og radio , ein globus, romrakett, fly, solsystemet og filosofisk undring om månen + eit dikt. Dette er inspirert av temaet klassen arbeidde med denne månaden. Side 5 var lørdagsavisa. Her syner eg det 2. og endelege utkast, der layout, plassering, bokstavtype og storleik fekk stor merksemd før trykking. Det er interessant å merke seg at den einsidige satsinga på mannleg idrett i riksavisene går att på gutane si redigerte sportside, medan jentene som hadde kontroll på side 5 fekk inn litt kvinneleg sport ved sidan av eit instruktivt vermeldingskart. I neste avis vil nok jentene forlange ei fifty/fifty deling av sportssida! Tenk om riksavisene hadde blitt like lite undertrykkande av halvparten av innbyggjarane i Norge! Legg merke til journalistnamn og bilete nedst på lørdagsavisa. Diverre rakk dei ikkje laga bilete av den andre journalisten før deadline kl 1230, slutt på siste skoletime.

 

Fig. 4. Lørdagsavisa. 2. utkast

 

Sluttkommentar:

Avisa vart sendt til Bergens Tidende som fann ho interessant og relevant, men borna sine meiningar vart likevel ikkje trykt! Ikkje eitt einaste innslag ! Så vart ho i staden trykt som lokalavis i eitt opplag på 25. Målgruppa vart alle elevane og foreldra deira. Men neste avis kan bli trykt i 300 eksemplar til alle småskoleborna på skolen og foreldra deira. Med ei slik lesargruppe vert utfordringa enno større. No er det kanskje ikkje nok med utkast nr.  1 og revidert utkast 2. Stoffet må silast grundig. Ikkje alle framlegg til innslag vert akseptert av ein streng redaksjonskomite. Nokre innlegg må omarbeidast, nokre må kortast ned, nokre utvidast. Bilete må teiknast om att, bokstavstorleik må vurderast grundigare. Fyrstesideoppslaget som skal selja avisa må ein freiste ulike versjonar av osb.

Slikt avisarbeid stimulerar til ei mengd av munnlege samtalar og diskusjonar i smågrupper som hevar språknivået (Matre 2000), ein atmosfære av ”det flerstemmige klasserom” (Dysthe 1995) og ein velutvikla fleksibel prosessorientert skriving med vekt på munnleg respons frå kameratar i like stor grad som frå lærar (Hoel 2000), og eit konstruktivistisk læringsmiljø med klasserommet som læringsfellesskap (Ludvigsen 1999). Å leike avisredaksjon gjev eit meir autentisk preg på det funksjonelle språkarbeidet. Arbeidet verkar stimulerande på sjangervariasjon, sjangermedvet og sjangerblanding. Stoffet må hentast frå eigne erfaringar, hyppig avislesing og biblioteksbesøk for å utvide kunnskapane. Standard lesebøker vert her lite brukbare. Lorentzen (1999) peikar på at dei eigenproduserte barnetekstane er rikare og meir variert enn språket i standard lesebøker! Eit slikt avisarbeid har ikkje berre interesse for den einskilde skole. Det fins 200 000 born i småskolealder i Norge. Burde ikkje desse få inn sine sjølvproduserte meiningar i dei store riksavisene? Det er for dårleg å måtte ta til takke med såkalla  ”barnesider” i ny og ne, der vaksne journalistar har kommandoen! Burde ein ikkje krevja at storavisene trykkjer minst ei side av barneaviser direkte, slik borna har laga dei? Dette handlar ikkje om mindre enn ytringsfridomen i Norge for 200 000 menneske, kjære redaktørar av VG, Dagbladet, Aftenposten, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Adresseavisa, Nordlys med fleire.

 

PS.

Fram mot sommaren i 2. klasse nærmar avisproduksjonen seg Aftenposten i artikkellengde på kronikkar og reportasjer. Lesebok- produksjonen og forlagsverksemda i 2. klasse får eg koma attende til i eit seinare nummer.

DS

 

Litteratur

Dysthe O (1995) Det flerstemmige klasserommet:skriving og samtale for å lære. Ad Notam Gyldendal

Hoel T L (2000) Skrive og samtale. Læringsgrupper som responsfellesskap. Gyldendal Akademisk

Lorentzen R T (1999) Læremiddel for dei små. I Moslet(red) Norskdidaktikk-ei grunnbok s 147-159

Ludvigsen S (1999) Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, læring i klasserommet. Bedre skole nr 2

Matre S (2000) Samtalar mellom barn. Det Norske Samlaget

Trageton A (2000) Tema i småskolen. Fagbokforlaget. Bergen

                                 Artiklar i Norsklæraren nr 5/2000, 2/2001